Om Sula Vekst

Vi er kjend for å levere produkt av høgaste kvalitet. Vi tek samfunnsansvar og håpar å bidra til ein meir meningsfylt og enklare kvardag for dei som jobbar hos oss.

Sula Bedriftsteneste AS vart stifta i 1993, og i 2022 vart navnet endra til Sula Vekst AS. Sula kommune eig 100 % av aksjane. Avtale om tilak vert inngått årleg med NAV Møre og Romsdal.

Arbeidsplassen hos oss skal opplevast som ein trygg og god arena for vekst og utvikling. Varig tilrettelagt arbeid skal gi dei tilsette arbeid som bidreg til å utvikle ressursar hos den enkelte, gjennom kvalifisering og tilrettelagde arbeidsoppgåver.

Vi skal utvikle menneske gjennom å stimulere ressursar den enkelte har i seg frå før. Det å bli stilt krav til, få oppfølging og å nå målsettingane gir god meistring og motivasjon til vidare utvikling.

Det er ei målsetting at arbeidstakarar som uttrykker eit ønske om å prøve seg i ordinært arbeidsliv får eit tilbod om dette så snart dei er klare for det. Dette gjeld særleg arbeidstakarar som har behov for andre eller meir utfordrande arbeidsoppgåver enn det vi kan tilby internt i bedrifta.

I dag har Sula Vekst 31 arbeidsplassar i Varig Tilrettelagt Arbeid (VTA). Det er høg aktivitet og mange interessante arbeidsoppgåver innan segmenta vaskeri, sy og seil, miljø og brensel, samt maritim.

NAV og Sula kommune er dei viktigaste samarbeidspartnarane våre, og det er mange krav som må oppfyllast for å bli godkjent som tiltaksarrangør. Det vert gjort årlege evalueringar og ny avtale vert signert når kravspesifikasjonane er fulgt opp. Sula Vekst har kundar innan både offentleg og privat sektor, samt privatmarknaden.

Vårt menneskesyn bygg på følgjande:

Kvart menneske har eigenverd - alle mennesker har likeverd.

Kiwa