I 1993 blei Sula Bedriftsteneste etablert her i Langevåg, og i nærmare 30 år har bedrifta produsert varer og tenester til det offentlege, privatmarknaden og næringslivet lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Vi teller i dag 60 stolte og dyktige tilsette, som er ein del av ei sterk merkevare og ikkje minst ei flott hjørnesteinsbedrift på Sula. Vi er som andre bedrifter i stadig endring. Tilpassinga til det grøne skifte, våre bærekraftsmål og tydeliggjering på kven vi er og kvar vi vil, har vore viktige element når vi no går for namneendring til Sula Vekst og logobyte.

Vi har benyttet Vekst for at vi ønskjer å vekse som gode medborgerar, ha fokus på bærekraft og fortsatt vekse med ein sunn økonomi.

Ny logo og ny nettside

- Vår nye logo syner stolthet og glede for heimkommunen Sula. Vi har eit motto, og det er å få gjort jobben med eit smil. Om du ser godt etter, kan du skimte Sulafjellet, eit smil og eit varmt hjarte i logoen, seier dagleg leiar i Sula Vekst, Øyvind Vebenstad.

Namneendringa vart vedteke av generalforsamlinga, dvs vår eigar Sula kommune, og vart behørleg feira blant dei tilsette og inviterte gjestar.

I tillegg til namneendring og ny logo, har vi også jobba ei stund med ny nettside, noko som gjer oss nye moglegheiter til å vise oss fram, samtstundes som folk lettere kan finne oss på nett. Og i dag, endeleg, kan vi lansere den for heile verda.

- Nettsidene blir ein viktig plattform for oss. Forutan å syne dei mange tenestene og produktane vi tilbyr, vil vi også publisere historiar frå kvardagen i Sula Vekst, avsluttar Vebenstad.

Sjå bileter frå markeringa av namneendring under.