Kurt-Espen og Steinar saman med ordfører Turid Humlen og Øyvind Vebenstad


Sula Vekst heldt laurdag 24. november jubileumsbankett på Devoldfabrikken i Langevåg. 30 gode og meiningsfulle år er gått sidan oppstarten i 1993, og det vart høveleg markert med tilsette, spesielt inviterte fra organisasjonsleddet og Sula kommune.

For når ein feirar jubileum, så gjer ein det skikkeleg. Dermed vart det ein uforgløymeleg kveld i lekre omgjevnader. Smil og glede, talar, ei og anna skrøne, underhaldning, god mat, og sjølvsagt dans. Mykje dans. Alt ramma inn i ei herleg kjensle av fellesskap og positive vibbar frå festpynta medarbeidarar og gjester.

Medalje og honnør til Kurt-Espen og Steinar
Ein innhaldsrik kveld vart krona med anerkjenning av to stolte og gode kollegaer for sitt trufaste arbeid gjennom heile 30 år! Ja, for så lenge har Kurt Espen og Steinar vore i Sula Vekst (og tidlegare Sula Bedriftsteneste). Like lenge som sjølve bedrifta, og det er litt av ei bedrift. Ikkje rart applausen vart ståande, taktfast og lang.

For dei to er fantastiske representantar for Sula Vekst. Begge har levert arbeid på øvste hylle i samtlege av dei åra, og det gjer dei framleis.

- Dei er særs dyktige og pliktoppfyllande medarbeidarar som har betydd mykje for bedrifta, og er gode førebilete for sine kollegaer, seier Øyvind Vebenstad, dagleg leiar i Sula Vekst.


Ordførar Turid Humlen fekk æra av å overrekke sjølvaste Medaljen for lang og tru teneste til Kurt-Espen og Steinar.


- Medaljen for lang og tru teneste er ei anerkjenning av deira ekstraordinære innsats og dedikasjon til Sula Vekst gjennom alle desse åra. Deira lojalitet og kompetanse har vore ein faktor for vekst og utvikling til denne hjørnesteinsbedrifta, sa ordførar Humlen under tildelinga av medaljen.

Heidra: Kurt-Espen og Steinar saman med ordfører Turid Humlen


Kriterier for tildeling

Medaljen for lang og tro tjeneste tildeles av Det Kongelige Selskap for Norges Vel og er ei påskjønning til arbeidstakarar med minst 25 års tilsetting hos samme arbeidsgjevar.


Sula Vekst gratulerer Kurt-Espen og Steinar på det varmaste!